Bjørneboka

Bjørneboka er som Ulveboka både ei forteljingsbok, ei faktabok og ei eventyrbok i ei og same bok. Den omtalar både brunbjørn og isbjørn og inneheld 12 fantasieggande eventyr, sengner, forteljingar og ordtak frå heile verda. Her møter du berserkar, mannbjørnar og gudebjørnar.
Kvart kapittel startar med ei dagsaktuell forteljing om tvillingane Bjørnhild og Vebjørn frå nordtrøndelagsbygda Sørli.
Dei finn kopplammet sitt ihelrive av bjørn, og seinare får dei vere med på helikoptertur, når ein bjørn blir frakta til Sverige.

Kvart kapittel inneheld mange nye, spennande og overraskande faktaopplysningar om Bamse Brakar, som i gamle dagar og vart kalla «gamle Ola», «maurtass» og «styggefanten».
Veit du at bamsen elskar å ake seg på baken og kan kaste stein på menneske?