Gaupeboka

Gaupeboka er den einaste faktaboka om gaupe for barn og ungdom som har er utgitt i Norge. I tilegg er den ei eventyr- og forteljingsbok, med 10 fantasifulle eventyr,forteljingar og ordtak frå USA (spøkelseshistorie), Latvia, Polen, Hellas og Norge.
Gaupa er den flinkaste jegeren av dei fire store rovdyra våre og den einaste som berre et kjøtt. «Nordens Puma» kan gjere 7-8 meter lange byks og hoppe over 2,5 meter høge hinder. Veit du at gaupa ser seks gonger så godt som oss, at den kan sjå eit rådyr som er 500 meter unna, og at ein bonde i gamle dagar kunne kjøpe seg fem kyr for eit gaupeskinn?

I forteljinga møter vi gaupeungen Lynet, som blir berga frå revekjeften av katten Gråpus. Dei gjer til slutt opprør mot menneska. Kjente naturfortografar frå USA, Sveits, Sverige og Norge står bak flotte fargefotografi.