Jervboka

Jervboka er den første og einaste barne og ungdomsboka som er skrive om den sky og myteomspunne jerven. Den farande fjellfanten var frykta og forhatt og vart kalla «skogsdjevel» og «satans hund» Eit samisk namn på jerven er «bakkefrosk», etter måten den spring på.
For å kunne overleve har dyret ein pels som det aldri set seg rim i og kraftige kjevar med eit trykk på fleire tonn. Veit du at jerven, som ikkje er større enn ein grevling, kan dra bytte som er tre gonger tyngre enn enn seg sjøl etter seg og at den kan lukte åtsel som er tre kilometer unna. I gamle dagar trudde folk at jerven kunne ete ein heil hest i eitt måltid.
I den fartsfulle forteljinga om jervungane Frans og Fanta kan du lese om eit slitsamt og farefullt jervliv.

Når det gjeld fotos i dei fire bøkene, er forfattaren aller mest stolt av jervbilda.