Fascinerande fakta – spennande moskusmøte

Framside

Fascinerande fakta – spennande moskusmøte

Moskusfeet er ikkje eit ”nedsnødd” dyr frå urtida. Feet er intelligent og kan tilpasse seg natur- og klimaendringar. Moskusboka inneheld både overraskande fakta og spennande historier, som da 12 fe vart drepne av lynet og ein turist fekk utført ansiktsvask av ein moskusokse.

Moskusboka fortel om 12 møte mellom fe og folk, både morosame og dramatiske. Ein kvinneleg politibetjent med eit moskusfe i hælane måtte setje personleg rekord på 100 meter hekk. Andre endte opp i tre eller på store steinar.

Utdrag frå boka:
…Oksen kom som ei kule mot oss. Sjøl raske bilar har vanskar med å greie ein akselerasjon på 50 kilometer i timen på fire sekund. Oppsynsmannen ropte ”skyt” og fyrte sjøl av eit skot. Moskusfeet datt ikkje død om, det heldt same toppfart. Skrekken tok dei tobeinte. Den ferske, kvinnelege politibetjenten sprang på lange bein nedover E6, mens flettene sto rett ut. Ho hoppa over gjerdet langs vegen – Eg må ha sett personleg rekord på 100 meter hekk, ler ho 11 år etterpå. Den svære rundballekjøraren tok sikte på ei lita bjørk, som neppe hadde tålt vekta til karen. Ein mager oppsynsmann følgte hakk i hæl. Sivert Drivstuen avsluttar historia slik: – Eg la an på noen gjerdestaurar og sendte av garde eit skot i den eine oksebogen. Dyret datt død om 15–20 meter frå dei to panikkslagne mennene…
(Utdrag frå ei av 12 historier i Moskusboka om møte mellom folk og moskusfe).