Bacalao De Cuba

FramsidebildeRamma rundt denne saftige teksten er eit bacalao-gilde som forfattaren held for nye venner i Havanna. Boka handlar om all slags salsa eller blanding – mat og drikke, musikk, menneske, religion, språk og litteratur. Smaksrike dikt av Pablo Neruda er fletta inn i teksten, saman med frodige folkelivsbilde frå gamlebyen.

Bacalao-ingrediensar som kvitlauk (medrekna Hippokrates’ graviditetstest, geirlauk og vampyrar), tomat eller ”kjærleikseple”, olivenolje (også kalt ”det spanske språket”) og Josephines søtpotet er fyldig omtalt. Klippfisken er ei energibombe som har halde liv i millionar av menneske. Torsken har vore råstoff for det meste, frå den skotske torskeleverpølsa ”Liver-Muggie” til islandske torskeskinnsnacks.

Utgangspunktet for historia er ”Bacalao con pan”, som betyr meir enn klippfisk med brød blant latinamerikanarar.

 

Utdrag frå boka:
– Om han elskar bacalao? svarar Ana med eit lurt smil. Eg har spurt henne om Oscar gustar (liker) klippfiskproduktet, på min stotrande pidgin-spansk. – Si, mucho, mucho, ler Ana med brungule tenner. Ho kryp kaklande som ein kalkun inn i arnkroken til mannen Oscar. Ho er psykiater og ser ut som ein mestis, med hesteansikt og farge som tanngarden. – And Ana likes pan very much, seier Oscar og skrattar. Poeten framstår som ein kolsvart afrikanar, med kort og fyldig korpus og krusa, stålgrått hår. – Bacalao con pan is our favourite meal, legg han til. Han slår seg på låra og ler ein okserautande latter……….. Eg skrattar skurrande, som om eg har sandpapir i munnen. Cubanarar set pris på bacalao-hintet. Du blir fort ein del av gjengen.