Serbia og Montenegro

Framsidebilde

Historiene er mange og sterke i den nye boka frå Balkan av Egil Hyldmo. Fakta og fiksjonsboka Våre heimland: Serbia og Montenegro er skrive for unge og vaksne. Den inneheld 130 bilde og massevis med fakta om det minste og det største landet på vest-Balkan. Eit hendig lommeformat gjer at boka egnar seg godt som reiselitteratur.

Statane har ei blodig historie, med krigar både i fortid og notid. Forfattaren legg mest vekt på å skildre kvardagsliv, nære familieband, varme vennskap og godt naboskap. Med 13.000 personar frå Serbia og Montenegro og 15.000 bosniarar busette i Norge, er det på tide at vi andre nordmenn blir betre kjente med våre nye grannar frå Balkan.

Våre heimland: Serbia og Montenegro er i salg hos bokhandlarar. Ordinær pris er 248 kroner, mens den kostar 198 kroner i forlagets nettbutikk.

Bilparken i Montenegro er av temmeleg variabel kvalitet, frå strøkne BMW-ar til rustne Jaguarar. Og bilane har kome til landet på ymse vis. Eit turist-slagord som har slått an er: – Velkommen til Montenegro, bilen din er alt her!