Om forfattaren

Egil Hyldmo fekk i 1998 Skolebibliotekforeningen i Norge sin pris for beste barne- og ungdomsbok, som den første fagbokforfattaren i landet.

Han har 25 års fartstid som avismann og fekk i 1991 Landslaget for lokalavisers ærespris for sin innsats for landets minste aviser.
Hyldmo vart i 2004 tildelt kulturstipend av Trondheim kommune.
Alle fire bøkene er innkjøpte av Norsk Kulturfond og skal finnast i alle folkebibliotek og skolebibliotek i landet.
Da Bjørneboka kom ut for første gong i 1998, var den ekstrabok i Bokklubbens Barn (begge aldersgrupper). Både Ulveboka, Bjørneboka, Gaupeboka og Jervboka har dei siste åra vore ekstrabøker i barnebokklubben Blåmann.
I Gyldendals norskbok for 7.klasse, Språket mitt, er to sider frå Ulveboka tatt med, som eksempel på fakta og fiksjon i samspel.
Ulveboka er med på pensumslista til Høgskolen i Vestfold og Høgskolen i Rogaland.
I Gyldendals norskbok for 7.klasse, Språket mitt (1999), er to sider frå Ulveboka tatt med, som eksempel på fakta og fiksjon i samspel. Ei side frå Gaupeboka er med i Gyldendals nye norskbok, Agora 6 (2007), i kapitlet om innhenting av informasjon.
Ulveboka er med på pensumlista ved mange norske høgskolar, både i allmennlærar- og førskolelærarutdanninga.