Bjørneboka er som Ulveboka både ei forteljingsbok, ei
faktabok og ei eventyrbok i ei og same bok. Den omtalar både
brunbjørn og isbjørn og inneheld 12 fantasieggande eventyr,
sengner, forteljingar og ordtak frå heile verda. Her møter du
berserkar, mannbjørnar og gudebjørnar.
Kvart kapittel startar med ei dagsaktuell forteljing om
tvillingane Bjørnhild og Vebjørn frå nordtrøndelagsbygda Sørli.
Dei finn kopplammet sitt ihelrive av bjørn, og seinare får dei
vere med på helikoptertur, når ein bjørn blir frakta til
Sverige.
Kvart kapittel inneheld mange nye, spennande og overraskande
faktaopplysningar om Bamse Brakar, som i gamle dagar og vart
kalla «gamle Ola», «maurtass» og «styggefanten».
Veit du at bamsen elskar å ake seg på baken og kan kaste stein på menneske?
